Hopp til innhold

Sakna mann i Sykkylven

Politiet opplyser at ein 77 år gamal mann er sakna frå eit hytteområde i nærleiken av Eidem i Sykkylven. Mannen blei sist sett klokka 11.00 og er ikkje kjent i området. Ifølge politiet hadde mannen på seg mørke bukser og ei lys korterma skjorte. Han har briller og grått hår, og er ca. 170 centimeter høg. Politiet ønskjer tips og observasjonar på telefonnummer 02800. Ein patrulje er også på veg til staden, fortel operasjonsleiar i politiet til NRK.

Leiteaksjon Sykkylven

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL