Hopp til innhold

Sakna mann funnen i Trollheimen

Mannen som var sakna ved fjellet Snota i Trollheimen er funnen i god behald.

Smeltevannstjønn fra Blåhøbreen, med bl.a. Snota i bakgrunnen (t.h.)

Snota er eit av fjella i Trollheimen. Til høgre i bakgrunnen på biletet.

Foto: Mikal Sæteren

Leitemannskap frå Røde Kors, politiet og hundar leitte etter ein mann i området rundt fjellet Snota (1560 moh.) i Trollheimen. Det var mannskapet på Seak King-helikopteret som fann mannen.

NRK kjem med fleire opplysningar straks dette ligg føre.

Snudde

Mannen som er i 30-åra og frå Trøndelag vart meldt sakna ved 23-tida søndag kveld. Han var på tur med ein kamerat, men snudde rett før toppen. Når dei skulle møtast igjen var mannen borte, opplyser politiet.

Helikopter

Eit Sea King-redningshelikopter deltok i leitinga natt til mandag og vart sett inn att i leitinga ved dagslys mandag morgon, opplyser politiet på Nordmøre.

Ifølgje politiet er mannen skal vere brukbart fjellvant, men tynt kledd.

Det er fint ver i området.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.