Hopp til innhold

Sakna mann funnen død ved sjøen – ukjent dødsårsak

Ein 62 år gammal mann vart meldt sakna tysdag morgon på Kirklandet i Kristiansund. Politiet bekreftar no at mannen er funnen død. Dødsårsaka er enno ikkje kjent.

Leiteaksjon

LEITEAKSJON: Politiet leita etter ein sakna mann i Kristiansund. Mannen er no bekrefta død.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Politiet offentleggjorde tysdag morgon at dei leita etter ein mann som var 175 centimeter høg, grå i håret, har skjegg og briller. Mannen hadde blå eller turkis jakke, svart bukse og svarte sko.

Han hadde sist blitt sett måndag kveld.

Funnen 09.30

Både politiet, brannvesenet, ei redningsskøyte og frivillige var med på leiteaksjonen.

Klokka 10.30 bekrefta politiet at det var den sakna mannen som hadde blitt funnen klokka 09.30 ved Saltkrana i Kranaveien i Kristiansund.

– Vi fekk melding om ein sakna person klokka 07.30. Vi sette deretter i gang ein leiteaksjon. Klokka 09.30 fann vi ein omkomen person her ved småbåtkaia i Kristiansund. Denne personen passar til skildringa av den sakna mannen, seier innsatsleiar Leif Ragnar Hoseth til NRK.

Etterforskar vidare

Dei pårørande er no varsla.

– Teknikarar frå politiet gjer no åstadsundersøkingar for å prøve å funne ut kva som har skjedd med vedkomande. Det er ingenting som tilseier at det har skjedd noko kriminelt, men vi etterforskar vidare for å finne grunnen til kvifor mannen er omkomen, seier Leif Ragnar Hoseth.

Ifølgje operasjonsleiar Erik Mikalsen ønskjer politiet tips og observasjonar. Dei ber publikum som har sett den omkomne mannen i Kristiansund frå om lag klokka 22.30 måndag og fram til tysdag morgon om å ta kontakt.

Leiteaksjon

LEITEAKSJON: Brannvesenet leita langs sjøkanten.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL