NRK Meny

Sakna kvinne komen til rette

Kvinna som har vore sakna frå heimen sin i Molde har kome til rette i Sverige. Kvinna var høggravid då ho forsvann, og både ho og barnet skal vere i god behald. Det opplyser politiet. Den somaliske kvinna har vore sakna frå heimen sin sidan slutten av november. Det var tips frå publikum som førte til at politiet søkte etter henne i Sverige.