Leiteaksjon etter sakna kvinne i Ørsta
Foto: Roar Strøm / NRK

Sakna kvinne i Ørsta

Oppsummert

25 år gamle Maja Herner frå Polen har vore sakna i Ørsta på Sunnmøre sidan onsdag 21. november 2018. Kvinna har truleg gått tur mot det 1300 meter høge Saudehornet.

  • Kripos ser på sakna-sak i Ørsta

    Kripos skal sjå med nye auge på saka i Ørsta på Sunnmøre, der ei 25 år gammal polsk kvinne har vore sakna sidan i november 2018. Store mannskapar har delteke i leitinga etter henne, i området rundt fjellet Saudehornet i Ørsta sentrum, utan resultat.

  • Ny leiting etter Maja Herner (25)

    Politiet vil nytte politihelikopter i området ovanfor Ørsta sentrum, primært rundt turområdet Saudehornet, Vardehornet og Nivane i leitinga etter Maja Herner (25). Det har til no vore ei resultatlaus leiting kvinna frå Polen som vart meldt sakna onsdag 21. november 2018. I samarbeid går no politidistriktet og Kripos over det omfattande etterforskingsmateriellet, skriv politiet ei pressemelding.

  • Held framleis på med søk

    Politiet undersøker framleis området rundt Saudehornet i Ørsta med helikopter for å sjå om de kan finne spor etter Maja Herner. Den polske kvinna har vore sakna sidan november i fjor. – Dette er kombinert søk og bildetaking. Vi ønskjer å undersøke nokre område som ein ikkje har fått sett så nøye på før. Og så vil ein gå gjennom desse bilda i ettertid, seier Leif Arne Mork, operasjonsleiar i politiet.

    Saudehornet
    Foto: Einar Orten Trovåg / NRK