Sakna kvinne i Bud

  • Kvinna funnen i god behald

    Kvinna som vart meld sakna etter eit selskap i natt i Bud i Fræna, er funnen i god behald. Det var eit Sea King helikopter med varmesøkande kamera som fann henne. Store leitemannskap har søkt etter kvinna i kveld.

  • Helikopter deltek i leitinga

    Eit Sea King redningshelikopter er på veg for å delta i søket etter den sakna kvinna i Bud i Fræna. Politi, Røde Kors, Norsk folkehjelp og Norske redningshundar leitar etter kvinna. I tillegg deltek redningsskøyta.

  • Ber folk sjekke husa

    Politiet ber om at innbyggjarane i Bud sjekkar husa sine. Ei kvinne i 50-åra er sakna og det er iverksett ein stor leiteaksjon, der politi, Røde Kors, Norsk Folkehjelp og redningsskøyta deltek.

  • Leitar etter sakna kvinne

    Laster Twitter-innhold