Sakna kvinne funnen

Kvinna som vart meldt sakna i Molde er no funnen i god behald, det melder politiet. Både politi, brannvesen og frivillige var med i leiteaksjonen, noko politiet var takksame for. – Eg vil takke alle dei frivillige som stiller opp og hjelper oss når vi har behov for det, seier Jon Bratland i politiet.