Hopp til innhold

Såg solformørkelsen frå Svalbard: – Det var magisk!

– Eg trur dette er noko av det finaste eg har sett. Det seier Elin Blindheim Saman med familien fekk ho oppleve solformørkelsen på det mest spektakulære på Svalbard.

Svalbard før solformørkelsen

Folk frå heile verda har tatt turen til Svalbard for

Foto: Perny Iversen

Elin Blindheim

Elin Blindheim tok turen ut av Longyerbyen for å oppleve solformørkinga.

Foto: Privat

I to år har kvinna frå Brattvågen på Sunnmøre budd på Svalbard med famillien. Denne veka har dei opplevd eit heilt anna folkeliv enn det normalt sett er blant dei vel 2600 fastbuande.

Tusenvis av personar frå heile verda har tatt turen for å sjå månen dekke sola.

Svalbard

Naturen på Svalbard er spektakulær også til vanleg, men i dag var det mange som fekk ei ekstra stor oppleving.

Foto: Diana Snibsøer

– Det var aldeles magisk. Omgjevnadene er jo fantastiske frå før, men i dag var det heilt spesielt.

– Spesielt med folkelivet i gatene

Fotografar på Svalbard i samband med solformørkelsen

Fotografar riggar seg til for å fange opplevinga.

Foto: Ronny Brunvoll

Blindheim seier det har vore spesielt å oppleve det yrande folkelivet.

– Vi merkar godt at folk har vore fulle av forventning. Sonen min snakka med ein mann frå USA, han hadde betalt 80 000 kroner for å kome hit til dette. Det varte jo berre vel to minutt, men eg håper jo han blei fornøgd likevel.

Sjå bilete frå solformøkelsen her:

Har vore spente på vêret

Som så mange andre stader har folk på Svalbard vore spente på vêret. Medan sola gøymde seg bak eit tjukt skylag på store delar av fastlandet, var vêret heilt perfekt lenger nord.

– Det blei akkurat så fint som vi håpte på, så det var jo heilt fantastisk, seier Blindheim.

– Det var ikkje ei sky å sjå på himmelen.

– Som å skru på ein brytar

Sjølv tok ho turen ut av Longyerbyen før solformørkinga, for at opplevinga ikkje skulle bli forstyrra av andre inntrykk.

– Vi fekk med oss stemninga og folkelivet, men så reiste vi innover Adventsdalen på snøscooter. Vi var fem stykke som stod der heilt aleine og såg på, det var veldig spesielt.

Solformørkelse

Slik såg det ut på det mørkaste på Svalbard.

Foto: Diana Snibsøer

Ho seier det mest overraskande var kor lenge det var lyst.

– Vi venta og venta og syns det var mindre og mindre vi såg av sola. Men så var det som nokon slo av ein brytar og det vart mørkt.

Ho seier det då kom heilt fantastiske strålar frå sola.

– Det var jo veldig flott, men også ganske kaldt, så vi blei samde om at neste gong vil vi sjå dette frå varmare strøk, ler Blindheim.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL