Såg rart lys og snudde bilen - det berga truleg kyrkja i Rindal

Magnar Ranheim (43) frå Rindal syns han såg eit merkeleg lys på veg til Værnes. Etter å ha tenkt seg litt om, snudde han bilen. Det berga truleg den gamle kyrkja i bygda frå å brenne ned til grunnen.

Magnar Ranheim
Foto: privat
Synnøve Hole
Journalist

Rindalsamfunnet kan truleg takke Magnar Ranheim (43) for at dei i dag har ei kyrkje med minimale skadar. Natt til laurdag sto han og kona opp i gryotta for å reise til Værnes å ta fly. Eit merkeleg lys frå kyrkja fekk han til å snu bilen og køyre tilbake til sentrum.

– Det var veldig bra, for då eg køyrde mot kyrkja fekk eg sjå at det var full fyr i spiret, seier Ranheim.

Les også:

Ringde 110-sentralen

Magnar og Ingrid Ranheim

Magnar og Ingrid Ranheim er no komne fram til Rhodos, men er glade for at dei snudde bilen og køyrde tilbake for å undersøkje det rare lyset frå kyrkja.

Foto: privat

Flammane frå tårnet fekk den resolutte mjølkebilsjåføren til å ringe 110-sentralen umiddelbart. Og medan Ranheim og kona venta, kom den første brannmannen til staden.

– Eg kasta meg på telefonen til 110 og sa at kyrkja sto i full fyr! Eg var litt oppheita, det er ikkje kvardagskost at kyrkja brenn. Han eg snakka med lurte på om eg kunne sløkkje det sjølv, men eg måtte jo berre forklare at det var 20 meter opp til toppen, seier Ranheim.

– Trudde du ho kom til å brenne ned?

– Eg var litt redd for det, ja, seier Ranheim sindig.

Reagerte på lukt

Flyet frå Værnes til Rhodos gjekk i femtida laurdag morgon, men på grunn av det dårlege vêret, bestemte ekteparet Ranheim seg for å vere ute i god tid. Allereie i halv-totida var dei ute av huset, som ligg om lag 150 meter unna kyrkja. Då reagerte Magnar Ranheim.

– Eg merke at det var så rar lukt ute, men eg trudde at det kanskje var nokon av naboane som hadde brent noko i omnen. Det var utruleg dårleg ver i Rindal i går kveld, så det var ikkje så rart om nokon fyrte, seier han.

Imponerte kona

I ettertid er Ranheim glad for at han reagerte så raskt, og forstod at det var grunn til å snu bilen for å undersøkje det merkeleg lyset. Men litt smålåten er han nok.

– Eg gjorde berre mi borgarplikt. Men kona blei nok litt imponert over mitt observante blikk, ler han.

Sto om minutt

Bård Magne Sande

Leiaren for det lokale brannvesenet, Bård Magne Sande, seier det sto om minutt før flammane ville tatt tak i sjølve kyrkjetaket. Då ville kyrkja truleg brent ned til grunnen.

Foto: John J. Storholt

Det er nok ikkje berre kona som er imponert. Ifølgje leiaren for det lokale brannvesenet, Bård Magne Sande, hadde det alt å seie at brannvesenet kom så raskt på plass.

– Hadde vi kome eit kvarter seinare, hadde vi ikkje hatt kyrkje i Rindal i dag, seier Sande. Han meiner at flammane då truleg hadde kome så langt ned, at det hadde tatt fatt i sjølve kyrkjetaket.

– Hadde det kome gnist ned dit, hadde ikkje vi hatt ein sjanse, seier han.

Ferie på Rhodos

Brannen i kyrkja sløkt

Tårnet i den gamle trekyrkja i Rindal er skadd etter brannen.

Foto: John J. Storholt

Magnar Ranheim og kona er no installerte på hotellet på Rhodos, der dei skal ha ferie. Mjølkebilsjåføren vedgår at det blei ein merkeleg start på fridagane.
Vi sto der til den første frå brannvesenet var på plass, då måtte eg berre forklare han at vi måtte reise. Flyet til Rhodos ventar nok ikkje om kyrkja i Rindal brenn, seier han og ler.

Også han er glad for at den gamle kyrkja står som ho har gjort i 140 år.

Siste video/lyd

Dei tre siste åra har meir enn 450 alvorleg psykisk sjuke kome seg inn i arbeidslivet.
Dette skjer etter eit aktivt samarbeid mellom NAV og helsevesenet.
Ein ny forskingsrapport viser at pasientane blir friskare av å jobbe.
Ein rakett er kanskje det som skal til for å gjere skuleelevar interesserte i naturfag. 
Elevar på Gjermundnes i Vestnes har utvikla ein rakett som skal få barn og unge til å bli i fyr og flamme.
Nokre som er glade i å boltre seg på kjøkenet er elevane ved Borgund vidaregåande i Ålesund. Dei elskar å bake - og å smake.