Mannen i 70-åra hadde skrive opp dei rette tala då han såg trekkinga på TV. Etter ein rask sjekk, konkluderte mannen med at han ikkje hadde vunne denne gongen heller, og la frå seg kupongen på stovebordet.
Få minutt seinare får han telefon frå Norsk Tipping. Han forstår ingenting då han får høyre at han er ein av fire som har vunne førstepremien på 3 845 315 kroner.
Norsk Tipping ber han kontrollere kupongen endå ein gong. Då går det opp for mannen at han har alle dei sju vinnartala på ei av rekkjene.
Mannen, som ynskjer å vere anonym, har spelt Lotto sidan 1986 utan å ha vunne dei heilt store summane.
Til Norsk Tipping seier mannen at det ikkje blir den heilt store markeringa av lottomillionane.
- Eg er såpass gammal at eg ikkje har bruk for så mykje. Men eg kan forresten tenkje meg ein tur med Hurtigruta, seier den nybakte lottomillonæren frå Stranda til Norsk Tipping.
Kupongen blei levert i Stordal rett før jul.