Sa opp som sivilingeniør for å dyrke mat i eigen hage

MOLDE (NRK): Forskar meiner heimedyrking er ein trend som er komen for å bli. – Eg synest det å skaffe sin eigen mat er meininga med livet, seier grønsakdyrkar Maria Berg Hestad.

Maria Berg Hestad viser stolt fram blomkålen ho har dyrka fram i eigen hage. Blomkålen er grøn, i tillegg har ho ein lilla blomkål som held på å vekse seg stor.

STOLT: Maria Berg Hestad viser stolt fram blomkålen ho har dyrka fram i eigen hage. Blomkålen er grøn, i tillegg har ho ein lilla blomkål som held på å vekse seg stor.

Foto: Solveig Nyhus Aksnes / NRK

Denne artikkelen er over en måned gammel, og kan inneholde utdaterte råd fra myndighetene angående koronasmitten.

Hold deg oppdatert i NRKs oversikt, eller gjennom FHIs nettsider.

I den vesle hagen til Maria Berg Hestad er det rikeleg med herlege grønsaker som ho har dyrka sjølv. Tre små drivhus husar tomatar, paprika, agurk og til og med ein ferskenplante. Ute i hagen ligg det ein grøn og ein lilla blomkål som er klare til å bli hausta.

Det vestlandske klimaet er ikkje kjend for å vere godt for grønsakdyrking, men det stoppar ikkje 39-åringen frå å halde seg sjølvforsynt med grønsaker nesten heile året.

– Det gir meg trua på meg sjølv, at eg kan klare meg sjølv. Eg er veldig stolt av maten eg klarer å dyrke. Då slår eg meg litt på brystet når eg lukkast, seier Hestad

Lilla blomkål frå hagen til Maria Berg Hestad.

LILLA BLOMKÅL: – Det beste med å dyrke sjølv er at du får prøve ut nye grønsaker ein vanlegvis ikkje får kjøpt i butikken, seier Maria Berg Hestad.

Foto: Solveig Nyhus Aksnes / NRK

For to år sidan byrja ho med å dyrke grønsaker i eigen hage. No har ho slutta i jobben som sivilingeniør, og leiger ein ekstra hageflekk for å dyrke eigen mat. I tillegg sel ho til naboar. For maten smakar annleis når du dyrkar han sjølv, meiner ho.

Maria Berg Hestad slutta i jobben som sivilingeniør for å dyrke eigen mat.

MERKSEMD: Maria Berg Hestad har merka at fleire og fleire får auga opp for dyrking av eigen mat.

Foto: Solveig Nyhus Aksnes / NRK

Pandemien har gitt auka interesse

Maria er ein del av ein trend, urbane dyrkarar. Forskar Annechen Bahr Bugge har sett at koronapandemien har gitt nordmenn eit nytt syn på mat. Ho er sosiolog og forskar ved Forbruksforskningsinstituttet SIFO, OsloMet.

– Eg trur denne trenden vil halde fram. Vi har sett denne auken i så mange år. Eg trur vi kjem til å sjå enda meir interesse for dyrking av mat, seier ho.

For fleire og fleire dyrkar eigen mat i hagen sin eller på verandaen.

– Fleire har sett no at forsyningslinjene våre ikkje er så robuste som vi kanskje har trudd. Vi har ikkje opplevd noko reell matmangel med koronapandemien, men det har gitt oss ein følelse av at vi må vere meir sjølvforsynt, seier Bugge.

Ho peiker blant anna på at folk hamstra mat når Noreg først stengde ned.

– Norsk matproduksjon har veldig høg tillit. Og når ein produserer maten sjølv, så har ein kontroll på kva den inneheld, seier Bugge.

Og det kan Maria Berg Hestad stille seg bak.

– Noko av motivasjonen til å dyrke eigen mat er at eg vil ha klimavenleg og usprøyta mat til barna mine, seier ho.

Vil gi ei betre verd

Gjennom bloggen sin «Det grøne skafferi» fortel ho korleis ein skal lukkast med heimedyrking. Inntekter frå bloggen, i tillegg til sal av grønsaker, gir Hestad nok å leve av. Snart gir ho også ut bok om same tema.

Maria Berg Hestad leiger seg ein hageflekk for å kunne dyrke meir grønsaker.

MARKNADSHAGEN: Denne hageflekken leiger Hestad for å dyrke mat. Frå denne hagen sel ho grønsaker til naboane sine i Molde. Den blir kalla marknadshagen.

Foto: Solveig Nyhus Aksnes / NRK

– Draumen er at fleire i nabolaget brukar ein del av hagen sin til å dyrke grønsaker. Kanskje fleire også vil selje det som dei har til overs, seier ho.

Status Norge

Sist oppdatert: 18.09.2020
776
Siste uke
16
Innlagt
267
Døde