Hopp til innhold

Så ofte bør du sjekke ungane for lus

Klør du eller ungane i hovudet? Då er det dessverre all grunn til å mistenke lus.

Lusesjekk

Ein bør sjekke hovudbotnen for lus minst éin gong i månaden, anbefaler Folkehelseinstituttet.

Foto: NRK

Når kvardagen er tilbake og ungane igjen sit tett i tett i barnehagen og på skulen, kjem ofte informasjonsskrivet om at det no er lus på gang igjen heim til foreldra.

Det vesle krypet som trivast i hovudbotnen er vanskeleg å gardere seg mot. Om ein skal beskytte seg heilt mot lus, må ein gå snaubarbert, ifølgje avdelingsdirektør Preben Ottesen ved Folkehelseinstituttet.

– Å gå med eit kjemisk middel i håret permanent for å unngå lus er ikkje å anbefale, og forebyggande kurar har ingen effekt. Det einaste som har noko for seg er luseaksjonar.

– Bør sjekke minst éin gong i månaden

Luseaksjonar er noko Folkehelseinstituttet oppmodar til éin gong i halvåret, for om ein oppdagar og behandlar synkront, unngår ein den evige runddansen med smitte og gjensmitte. I haust er

Preben Ottesen
Foto: Anette Torjusen / NRK

– Det som skal til for å få ned hovudlusbestanden er hyppig sjekk av ungane. Ein bør i det minste sjekke éin gong i månaden. Ikkje berre for å fjerne lus frå eige barn, men også for å hindre smitte.

For faren for å bli smitta, er absolutt til stade. Lusa sprer seg ved direkte hovud til hovud-kontakt.

– Ungar har nærkontakt veldig ofte og hovuda deira kjem tett saman. Det smittar også lett innad i familiar, fordi foreldre klemmar på born og søsken har ofte hovuda inntil kvarandre.

Les også:

Lus
Foto: Preben Ottesen / Nasjonalt Folkehelseinstitutt

– Får reine hus, men ikkje færre lus

Seigliva myter om at det å bytte huer med kvarandre er den måten lusa sprer seg på, stemmer ikkje. Ottosen fortel at i ei stor undersøkjing blei det underøkt over 1000 huer og ingen lus blei funne. Ein fann derimot over 500 lus på dei ungane som eigde huene.

– Nokon trur også at dei må vaske hus og sterilisere kosedyr. Du får veldig reine hus, men du får ikkje noko færre lus.

Det ein derimot bør gjere, er å undersøkje heile familien grundig med lusekam. Ein kan legge det tørre håret til barnet på eit kvitt laken og gre håret ned mot lakenet, men ein sikrare metode er å gre i vått hår og tørke av kammen på eit papirhandkle mellom kvart drag. Så behandlar ein alle i familien samtidig med eit lusemiddel.

– Ein må også huske på å seie frå til foreldra til ungane sin nære vennar at dei også må undersøkje ungane sine.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL