Så godt som sikra opprykk

Aalesund får revansj mot Raufoss, det einaste laget som har slått dei i serien denne sesongen, og vinn 3-1 på Color Line stadion. Sandefjord vinn også kampen sin, dermed er ikkje opprykket heilt garantert for AaFK, men det er berre tynn teori som kan hindre dei i å spele i eliteserien neste år. – Vi er veldig nøgde med å ha den buffaren vi har, også kan vi tillate oss eit par smell. Men vi kjem hardt for å sikre opprykket først, å vinne OBOS-ligaen, så får vi sjå om vi kan setje poengrekord til slutt, seier trenar Lars Bohinen.

Lars Bohinen
Foto: Tore Ellingseter / NRK