Hopp til innhold

Så overraska blir nybegynnar Håvard Elias over kastet sitt

Discgolf er ein idrett i sterk vekst. Håvard Elias Hovet Aas starta i mai, og blei raskt hekta.

Håvard Elias Hovet Aas frå Sykkylven fekk god utteljing for turen til Vestnes for å spele discgolf.

For to veker sidan skjedde det som skulle få han til å elske discgolf enda meir. På discgolfbana i Vestnes fekk han hole in one, eller ace som dei kallar det, frå 94 meter.

– Det var stort for alle som var der, seier han.

– Flaks

Kompisen Stian Våtmyr filma kastet, og det var rein flaks – både at han klarte å treffe hole in one, og at det blei filma, meiner Håvard Elias Hovet Aas.

Videoen er delt på forskjellige sosiale plattformer, og fleire 100.000 har sett kastet.

Instagrampost ace discgolf

Fleire discgolf-interesserte har delt videoen av Håvard Elias Hovet Aas sin første ace.

Foto: Skjermdump

– Det gjekk rett og slett viralt, og eg har fått mange positive kommentarar.

– Er det slik at du no berre må gi deg på topp etter få månader som discgolfutøvar?

– Haha, nei. Eg kan ikkje peake i ein alder av 30. Dette må eg fortsette med lenge, slår han fast.

Håvard Elias Hovet Aas starta med discgolf då det vart laga ei bane i Velledalen i heimkommunen Sykkylven tidlegare i år.

– Ellevill utvikling

Tal frå Norges amerikanske idretters forbund viser at det var 1034 personar som dreiv med discgolf i Noreg i 2011. Ti år seinare, i 2021, er talet 6607 aktive medlemmer. Og veksten held fram, seier Erik Hammer Staalesen, utviklingsansvarleg for disksport.

– Det er ei ellevill utvikling. Og desse tala er frå i fjor. Vi veit at det har auka sidan det. Sporten vår var ein av få det var mogleg å halde på med under korona, så vi fekk også ein god vekst i den perioden, fortel Staalesen.

Erik Hammer Staalesen

Erik Hammer Staalesen starta med discgolf på 1990-talet. Han er glad for at det no er 110 aktive klubbar i Noreg.

Foto: Espen Håkonsen

Sjølv om det er lenge sidan hans første ace, kjenner han godt igjen kjensla Håvard Elias Hovet Aas fekk då han klinka til på bana i Vestnes for eit par veker sidan.

– Den første gongen du får ace er euforisk! seier Staalesen.

Han har sjølv drive med idretten i tretti år, og er veldig glad for at det poppar opp nye baner overalt i heile Noreg.

– Det er ein veldig billig sport å starte med. Dei fleste banene er gratis å spele på, og du må kanskje ut med rundt 500 kroner for ein startpakke. Det er ein idrett som får deg opp av stolen og ut i aktivitet, reklamerer han.