NRK Meny

Sa feil om E39

Indre linje er valt for E39. Stigedalen skal framleis vere riksveg, og skal ikkje nedklassifiserast til fylkesveg. Det er ikkje slik at E39 skal gå via Stigedalen fram til den nye vegen er ferdig, slik som samferdselsministeren først sa på Volda ferjekai laurdag ettermiddag. – Det vi meinte å gå ut med er at Stigedalen blir skilta med stipla linje mot E39, og at staten beheld ansvaret for drift og vedlikehald, seier statssekretær Jon Georg Dale.

Ketil Solvik-Olsen
Foto: Terje Reite / NRK