Hopp til innhold

Rysta over to drap på under eitt år

Drapet i Hareid sender sjokkbølgjer innover lokalsamfunnet. Ordføraren seier folk er skaka over at det skjer eit nytt drap, mindre enn eit år etter det førre.

Anders Riise

Ordførar Anders Riise i Hareid seier drapet i Hareid er rystande for lokalsamfunnet.

Foto: Ivar Lid Riise / NRK

Det har gått mindre enn eit år sidan Preben Mikael Dimmen blei tatt av dage med ei flaske i Ulstein. Fredag kom meldinga om at ein annan mann i 20-åra er drepen i nabokommunen Hareid, berre om lag ei mil unna. Ordførar Anders Riise vedgår at det er spesielt.

– Det er skakande at eit lokalsamfunn som Ulstein og Hareid har opplevd to drap i løpet av eit års tid. Det er litt spesielt for oss, seier Riise.

Les alt om drapet i Hareid her:

Mange rykte

Ordføraren seier mangel på sikker informasjon skaper grobotn for rykte. Framleis er ikkje identifikasjonen til den drepne mannen kjend. Men laurdag ettermiddag blei det kjent at den avdøde var ille tilreidd då han blei funnen, og mangla fleire kroppsdelar.

– Her er ingen sikker identifikasjon og mange rykte. Det gjer noko med ein og skaper ei viss uro, seier Riise til NRK. Hareidordføraren strekar likevel under at politiet meiner situasjonen er avklart, ein person pågripen, og at det ikkje er nokon grunn til uro.

Les også:

Vil ikkje ta diskusjon med naboane no

Fleire naboar som NRK har snakka med meiner det berre var eit spørsmål om tid før noko slikt kunne skje. Naboane protesterte i si tid då den kommunale bustaden blei plassert i eit område med mange småbarnsfamiliar. No krev dei at kommunen kjem på banen.

– Eg har ingen kommentar til dette. Vi har ikkje identifisert nokon endå, og bildet er ikkje klart, så vi skal ikkje spekulere i ting. Vi skal ha fokus på dei pårørande og miljøet, og skape tryggleik og ro for dei som er involverte her no, seier Riise.

Han held fram at han ikkje vil ta den diskusjonen no.

– Den diskusjonen har vi tatt i kommunen før, og var avslutta då husa blei bygde. Eg forstår likevel at nokon kan tenkje slik, men det er litt for enkelt, seier Riise.

Kriseteamet i aksjon fredag

Ordføraren har vore på ferie heilt til i dag, men fekk samla kriseteamet fredag.

– Allereie i går blei vi kjent med at noko var på gang, og at det var ein situasjon som var uavklart, så vi samla kriseteamet. Dei har vore samla i går og i dag. Vi tek imot folk og prøvar å hjelpe så godt som råd, seier han. Riise seier dei følgjer opp enkeltpersonar, -familiar og -miljø.

På heimesida til kommunen ligg kontaktinformasjon til kriseteamet.

Samling på Bigset skule laurdag kveld

Laurdag kveld klokka 19 kjem naboane saman på Bigset skule. På heimesida skriv kommunen at dei inviterer dei vaksne i krinsen. Politiet vil orientere og representantar for kriseteamet vil vere til stades.