NRK Meny
Normal

Rykte ut til røykfull leilegheit i Kristiansund

Brannvesenet og politiet rykte klokka 20.00 ut til ei leilegheit i Kristiansund. Det kom røyk ut vindauga.

Laster kart, vennligst vent...

– Me veit ikkje så mykje meir enn at det er røykutvikling, og røykdykkarar er inne og leter etter personar, seier brannmeister i Møre og Romsdal 110-sentralen, Nils Bjerknes, klokka 20.05.

– Det var røyk ut av vindauga, seier han.

– Mindre brann

Politiet fekk melding om brannen klokka 19.57.

– Der har vore ein mindre brann i ei leilegheit, og brannvesenet har kontroll, seier operasjonsleiar i Nordmøre og Romsdal politidistrikt Leif Bergem-Ohr klokka 20.12.

– Det blir evakuert bebuarar ut frå same oppgang og oppgangen ved sida av, seier han.

Klokken 20.20 opplyser politiet at brannen er sløkt, og at dei evakuerte får gå tilbake til leilegheitene sine.

Det var ingen heime i den røykfulle leilegheita.

Laster Twitter-innhold