Hopp til innhold

Rykkjer ut etter granatfunn

Ein politipatrulje er på veg mot Verma i Romsdal der det for kort tid sidan vart funne noko som sannsynlegvis er ein granat. – Gjenstanden vart funne i høve eit gravearbeid i området. Vi har også bedt forsvaret om å sjå på saka og eventuelt setje inn tiltak, seier operasjonsleiar Erik Dyb. Det er ikkje verifisert at det er ein granat, men det blir rekna som sannsynleg.