Det er klart etter etter eit svært spanande nominasjonsmøte i går kveld.
Rykhus fekk topp-plassen på kommunevallista med ein stemme meir enn Frank Sæther som nominasjonsnemnda hadde foreslått.
– Dette er både skummelt og spanande, og er kjempeklar for oppgåva, seier Rykhus.
– Er det bra at det er kamp om toppen?
– Ja, det er kjempebra. Det er viser at det eit engasjement i Molde Arbeidarparti. Og så blei det jo veldig jamnt, seier Rykhus.
Tøff valkamp
Rykhus er førebudd på at det kan bli ein tøff valkamp for Arbeidarpartiet i Molde på grunn av sjukehussaka. Denne saka er vanskeleg for Arbeidarpartiet fordi helseministeren vil utsette byggestarten på Molde nye sjukehus med 6 til 8 år, og resultatet kan bli eit felles sjukehus for Nordmøre og Romsdal ein annan stad enn i Molde.
– Ja, det blir tøft og det er vi veldig klar over. Vi må sjå først kva som skjer i sjukehussaka, og så får vi ta fatt på resten. det er jo blitt sagt her i kveld at det mykje anna vi skal jobbe for også, seier Rykhus.