NRK Meny
Normal

Ryddar sti opp til Fjellstua

Frå og med fredag skal det bli fleire måtar å komme seg opp til Fjellstua, for Ålesund-Sunnmøre Turistforening har brukt delar av dagen til å rydde ein gamal sti.

Frå og med fredag skal det bli fleire måtar å komme seg opp til Fjellstua, for Ålesund-Sunnmøre Turistforening har brukt delar av dagen til å rydde ein gamal sti.

Stien Arild Eidset ryddar fredag blir den lettaste stien frå Vannspringdalen og opp mot Fjellstua.

Åsmund Steen

Åsmund Steen seier det er ein fin sti som fredag vart rydda.

Foto: Øyvind Sandnes
Ryddar sti opp mot Fjellstua

Noko måtte ryddast med motorsag, men det er mest kvist og kratt som vart rydda vekk frå stien.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

– Me ryddar vekk busk og kratt frå ein gamal ledemur for vatn som er veldig fin å gå på, så den gjer me no tilgjengeleg for dei som ynskjer å gå på tur her, seier Åsmund Steen i Ålesund-Sunnmøre Turistforening.

Tre mann har brukt ein halv dag, fredag, for å rydde stien opp til Fjellstua i Ålesund. Store tre tar dei med motorsag, og elles er det mykje busk og småkratt som vert rydda.

– Så no blir det veldig bra å gå her, legg Steen til.

Med seg har han Arild Eidset som brukar halve arbeidsdagen sin for Ålesund-Sunnmøre Turistforening til å rydde sti.

– Her skal det bli fint å gå, det blir den lettaste vegen frå Vannspringdalen og opp mot Fjellstua, seier Eidset.

Håpar på skilting

Stien er nokre hundre meter, og går frå Vannspringdalen og opp til stien ved Fjellstua, og stien er det fritt for å bruke, dersom ein veit kvar den går.

– Me håper at nokon vil sette opp eit skilt i kvar ende, kommunen eller noko, seier Steen.

– Den er ikkje veldig lett å finne i starten der, legg han til.

Sti opp mot Fjellstua

Stien opp til Fjellstua blir fin å gå, for dei som veit kvar den er.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK
I midten av mars startar oppgraderinga av turvegen opp trappene til Fjellstua i Ålesund. Det er eit omfattande arbeid som skal utførast og det vil pågå heilt til desember. I heile anleggsperioden vert trappene stengde.