Hopp til innhold

Russisk isbrytar var i havsnaud

Det var dramatisk då ein isbrytar med 33 personar om bord fekk motorstans i full storm utanfor kysten av Ålesund tysdag morgon.

Isbrytaren si rute

Isbrytaren ligg ca. 12 nautiske mil frå kysten av Ålesund. Kartet viser skipet si rute det siste døgnet.

Foto: Skjermdump fra Marinetraffic.com

Den russiske isbrytaren Tor, med 33 personar om bord, miste all motorkraft på hovudmaskineriet og fartøyet sende ut mayday-signal i 06.30-tida. Det var full storm der dei låg, 12 nautiske mil vest for Ålesund.

Laster Twitter-innhold

Send til sjukehus

Like før klokka 16 opplyste Ben Vikøren ved Hovudredningssentralen i Sola at ein av mannskapet om bord blir henta med ambulansehelikopter.

– Mannen skal ha fått skadar i ryggen og i eitt bein, han blir no frakta til eit sjukehus på fastlandet. Han er truleg skadd etter å ha ramla tidlegare i dag, seier Vikøren.

Eit redningshelikopter frå Florø var klar til å evakuere mannskapet i morgontima i dag, men då var det ikkje naudsynt.

I 9-tida fekk skipet tilbake delar av maskinkrafta, fortalde Cecilie Øversveen, som er redningsleiar ved Hovedredningssentralen.

– Det er ikkje fullt så dramatisk lenger sidan dei har fått tilbake litt maskinkraft, for då klarer dei å stabilisere opp mot vêret, sa Øversveen.

Det andre om bord skal ikkje ha fått noko skade.

Fekk start på motoren

Like etterpå fekk isbrytaren start på to av dei fire hovudmaskinene og at dei hadde manøvreringsevne.

Då dei klokka 10.15 fekk heile motoren i orden, vart redningsaksjonen avbroten og isbrytaren kunne fortsette turen nordover for eiga maskin. Dermed vart det ikkje behov for taubåtane som vart sendt til havaristen og kystvaktskipet. Redningshelikopteret frå Florø returnerte.

Ifylgje Marinetraffic gjekk isbrytaren frå St. Petersburg 17. oktober og er på veg til byen Sabetta i nordvest-Russland. Aftenposten skriv at isbrytaren Tor blir brukt for å halde skipsleia i Sabetta, like ved utløpet av elva Ob, open

Isbrytaren er no på veg til Murmansk.