Hopp til innhold

Russetreff på Oppdal

Oppsummert

Ein mann er mistenkt for seksuelt overgrep mot ei jamnaldrande kvinne på russetreff i Oppdal. Rundt 1000 russ frå heile Møre og Romsdal var samla denne helga.

  • Nektar staffskuld for valdtekt

    Mannen som er sikta for valdtekt etter eit russetreff på Oppdal i helga nektar straffskuld. Det seier mannen sin forsvarar, Kolbjørn Lium. Lium vil ikkje utdjupte kva mannen har forklart i avhøyr, og ønskjer ikkje å seie noko om relasjonen mellom dei to som skal vere involvert.

    Kolbjørn Lium
    Foto: Jøte Toftaker / NRK
  • Avhøyrt ei rekkje vitne

    Politiadvokat Silje Noem ved Trøndelag politidistrikt seier til NRK søndag kveld at dei har avhøyrt ei rekkje vitne etter at ein mann er sikta for seksuelt overgrep. Etter det NRK kjenner til skal det vere snakk om ei valdtekt, men det vil Noem ikkje stadfeste. Overgrepet skal ha skjedd i samband med eit russearrangement på Oppdal der russ frå heile Møre og Romsdal var samla. Mannen er no sett fri etter avhøyr.

  • Politiet gjer avhøyr på Oppdal

    Politiadvokat Silje Noem ved Trøndelag politidistrikt seier til NRK at dei no gjer avhøyr for å kartlegge kva som skjedde under russetreffet i Oppdal i helga. Ein ung mann er pågripen og mistenkt for seksuelt overgrep. Noen seier dei går breidt ut, men er tidleg i etterforskingsfasen.

    Silje Kristin Noem
    Foto: Rita Kleven/NRK
  • Etterforskar muleg overgrep

    Ein ung mann er pågripen av politiet og tatt med til avhøyr etter mistanke om eit seksuelt overgrep på Oppdal, skriv adressa.no. Omlag 1.000 russ frå Møre og Romsdal skal ha vore samla i Oppdal under arrangementet «Russens skitur Oppdal». Overgrepet skal ha skjedd etter arrangementet. Det var avisa Opp som først skreiv om saka.