NRK Meny
Normal

Russepresident: – Aukar truverdet til dei sikta

Funnet av to døde pingvinkyllingar i Atlanterhavsparken i Ålesund, aukar truverdet til dei fire sikta i pingvin-saka, meiner Christoffer Ryste, russepresident ved Ålesund vidaregåande skule.

Russepresident Christoffer Ryste

Pingvin-saka la ein dempar på siste del av russefeiringa, seier Christoffer Ryste, årets russepresident ved Ålesund vidaregåande skole.

Foto: På Kristian Lindseth / NRK

Utviklinga i pingvin-saka i Ålesund der to kyllingar blei funne døde i to reirkasser, vekkjer reaksjonar mellom russen. Kyllingane blei funne nedtrakka i kvistar og gras inne i kassene.

– Utviklinga i saka aukar truverdet til russane som er sikta i saka. Det er jo ikkje stadfesta at russ har teke pingvinkyllingane. Det er heller ikkje felt nokon dom i saka, kommenterer russepresident ved Ålesund vidaregåande skule, Christoffer Ryste.

Han vedgår at det som har kome fram i dag, likevel ikkje endrar det faktum at russ har vore inne på området. Politiet har sagt til NRK at dei trur vaksne pingvinar kan ha trampa ihel kyllingane på grunn av stress.

– Det er svært beklageleg at dei tok seg inn på området. Saka har jo gått utover all russ, seier Ryste.

Russen ryddar

I ettermiddag har rydding etter gårsdagens 17. mai-vore prioritert av russen. Russepresident Christoffer Ryste ved Ålesund vgs. får god hjelp av ei medruss til kosting av parkeringsplassen ved Volsdalsberga.

Foto: Pål Kristian Lindseth / NRK

I dag har mange av dei brukt tida på å rydde opp på ulike festplassar i byen, men pingvin-saka er det store samtaleemnet.

Ønskjer rask avklaring

Russen har blitt hardt kritisert frå mange hald siste dagane, etter at det blei oppdaga at tre pingvinkyllingar og eitt egg var sakna frå Atlanterhavsparken. Det er første gong noko slikt har skjedd ved akvariet i Ålesund.

– Det som opptar oss no er å få ei rask oppklaring i saka, og få svar på kva som eigenleg skjedde, seier Ryste.

La dempar

Pingvin-saka la ein dempar på avslutninga av russefeiringa i Ålesund, erfarte mange av dei som var russ.

– Det blei eit anna fokus enn planlagt, spesielt for oss russepresidentane som fekk mindre tid til å sørge for at alle fekk ei fin sistefeiring. Men i 17. mai-toget i går avslutta vi på ein fin måte, meiner Christoffer Ryste.