Hopp til innhold

Får tilbod om høyrselstest før russetida startar

Russetida er prega av god stemning, rungande høgtalarar og høg musikk. Men det er også lurt å vere forsiktig. Å bli utsett for høg støy over tid kan gi langvarige konsekvensar.

hørsel-russ

HØYRSELSTEST: Julie Elise Jensen er ein av dei som har fått testa høyrselen sin før russetida startar for fullt.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

Når russen skal feire slutten på tre års skulegang er lydnivået i øvre del av skalaen.

– Det er veldig høg musikk i bilane. Eg er med på ein van, så vi kjem nok til å køyre rundt, seier Julie Elise Jensen som er russ i år.

Ho er ein av fleire elevar som fekk teste høyrselen sin på Haram vidaregåande skule på Sunnmøre. Svaret viste at ho har heilt normal høyrsel.

Julie Elise Jensen.

Julie Elise Jensen fekk vite at ho hadde normal høyrsel etter testen. Ho er likevel spent på korleis russetida vil påverke høyrselen hennar.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

– Heldig om ein ikkje skader høyrselen

Det er Hørselshemmedes landsforbund (HLF) som tilbyr testing nokre stader rundt om i landet.

Margrete Vadset, studieleiar for HLF Nordre Sunnmøre.

Margrete Vadset ber russen vere forsiktige med høg lyd i russetida.

Foto: Nils-Atle Sundnes / NRK

Dei meiner russen må vere veldig bevisst for å unngå skadar som kan vare livet ut.

– Det kan jo vere veldig høg lyd på konsertane dei deltek på, og ikkje minst i russebilane. Eg trur det har vore målt oppe i 150 desibel. Det er alvorleg høgt å høyre på over lenger tid, seier Margrete Vadset, studieleiar for HLF Nordre Sunnmøre.

– Då trur eg du må vere heldig viss du ikkje skadar øyra dine, held ho fram.

Vadset vektlegg at det også har vore viktig for dei å fortelje ungdomane om konsekvensane av å bli utsett for høg lyd.

– Om du først får ei skade på høyrselen så er du ofte skadd for livet. Difor er det er viktig å beskytte seg.

 Illustrasjonsfoto av russ og russefeiring.

Det kan bli mykje høg støy i løpet av russetida.

Foto: Lise Åserud / NTB

– Høyrselsvern kan vere fornuftig

Usman Rana er øre-nase-hals-spesialist hos Aleris. Han fortel at lydnivå over 85 desibel blir sett på som skadeleg over tid. Til samanlikning ligg ein vanleg samtale på rundt 65 dB, medan eit rop er på ca. 80 dB, forklarer Rana.

Han vektlegg at både støynivå og kor lenge støyen varer speler inn på risikoen. Men også impulslydar, som er ein veldig høg kortvarig lyd, kan gjere skade.

Øre-nese-hals-spesialist i Aleris, Usman Rana.

Usman Rana fortel at dersom ein blir utsett for lydnivå over 85 desibel over tid, kan det gi skader på høyrselen.

Foto: Aleris

For eksempel kan eksplosjonar eller geværskot ha eit lydnivå over 130 dB. Desse kan også gjere uoppretteleg skade når det gjeld høyrselstap og øyresus.

Spesialisten anbefaler at ein reduserer tida ein oppheld seg i område der lydnivået er på over 85 desibel. I tillegg har han desse tipsa:

Fleire appar og klokker kan estimere lydnivå. Nokre gonger kan høyrselsvern vere fornuftig. Særleg ved høgt lydnivå, som høg musikk over lang tid og i mange dagar i strekk, seier Rana.

Ber medrussen vere forsiktige

Russepresidenten synest det er bra at dei har fått testa høyrselen sin.

Magnus Otterlei, russepresident på Haram vidaregåande skule.

Russepresident Magnus Otterlei ber medrussen sin tenke på høyrselen gjennom russetida.

Foto: Nils-Atle Sundnes / NRK

– På den måten får russen vite om dei har høyrselsvanskar som dei bør passe ekstra på i russetida, sidan det er mykje støy. Då kan dei vere ekstra forsiktige, seier Magnus Otterlei, russepresident på Haram vidaregåande skule.

Har oppfordrar likevel all medrussen til å vere varsam, og kjem sjølv til å passe på høyrselen sin.

– Ein må passe på å ikkje gå for nært anlegga, og ikkje sitje for lenge inntil dei. Om støyen er høg heile tida, så kan det jo bli skadeleg, seier Otterlei.

Julie Elise Jensen er spent på korleis russetida kan påverke høyrselen hennar.

– Kanskje eg sjekkar igjen etter russetida for å sjå om det har vore noko endring.

Les også:

Les også Stine (18) er russ på sparebluss – mener russeselskapene utnytter unge

Stine Longva Veddegjerde

Les også Raud eller blå? Ikkje så viktig lenger, seier russen

Russ i Sykkylven står utenfor inngangen til videregående.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL