Russen beklagar pingvin-tjuveri

Russepresidentane i Ålesund seier seg leie for at russen har tatt seg inn på Atlanterhavsparken. Natt til torsdag forsvann tre pingvinungar og eitt egg frå akvariet. Fleire russ var torsdag i avhøyr.

Russerepresentantar i Ålesund 2015

Lars Standal Sørnes (russepresident Fagerlia), Johanne Jacobsen (russepresident Akademiet), Nina Kristine Eidsvik (visepresident Ålesund Vgs), Martine Smørdal (russepresident, Akademiet) og Christoffer Ryste (russepresident Ålesund vgs)

Foto: Frode Berg / NRK

Torsdag kveld møttes presidentane for å snakke saman. Dei er samstemte i at dei seier seg leie for det som har skjedd.

– Dette er svært uheldig, dette er noko vi ikkje ønskjer skal vere del av russefeiringa vår. Vi beklagar på vegne av russen både overfor Atlanterhavsparken og for resten av folket i Ålesund.

Det seier Lars Standal Sørnes som er russepresident ved Fagerlia vidaregåande skule.

Visste ingenting

Han seier dei ikkje har visst om hendinga før i dag.

– Vi har ikkje vore klar over verken at russ har vore inne eller at pingvinungane har blitt borte.

– Dersom nokon av russen har tatt dei, så ber vi om at dei står fram. Dette øydelegg for alle, og det er viktig å få ordne opp.

Han seier dei vil gjere så godt dei kan for å gjere opp for styret dette har skapt.

Russen har måtar å gjere ting godt igjen, så det må vi uansett prøve å gjere så godt vi kan.

Endrar planar

Tueneset der Atlanterhavsparken ligg, er tradisjonelt sett eitt av samlingspunkta for russen i ålesundsområde. No endrar dei planar for dei neste dagane.

– Vi har oppfordra alle til å halde seg vekke frå Tueneset. Vi forstår godt at akvariet ikkje ønskjer å ha russen der, så det må vi rette oss etter, seier Sørnes

Han seier dei har oppmoda folk om å halde seg heime eller gå andre stader resten av russefeiringa.