Hopp til innhold

Alle desse russejentene tar friår- bortsett frå ei

Russejentene i Ålesund tar friår framfor å studere. – Eg har ikkje lyst å starte studia når det er korona, seier Oda Kjerstad.

Russejenter i Ålesund

Det er rekordhøg søking til høgare utdanning, men av denne gjengen er det berre ei som skal studere til hausten.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Korona gjer at russetida er amputert for jentegjengen i bussen «Stole the show». Dei vil ikkje risikere at også studia blir prega av koronanedstenging og eit einsamt hybelliv. Flesteparten tar eit friår og legg bøkene på hylla.

– Eg veit om mange som har måtte studert heimanfrå og ikkje fått kome på skulen og vore med klassekameratar, seier Mathilde Eidsaa.

Planen hennar er å ta friår og legge seg opp litt sparepengar, før ho blir student.

Mathilde Eidsaa, Oda Kjerstad, Siri Austerslått. Karoline Prytz Berset

Mathilde Eidsaa, Oda Kjerstad og Siri Austerslått skal ha eit friår frå skule. Berre Karoline Prytz Berset (t.h) skal studere til hausten.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Vil ikkje gå glipp av fadderveke

Oda Kjerstad har heile tida planlagt eit friår for å reise etter vidaregåande. Sjølv om reisinga ikkje blir noko av, er det uaktuelt å studere til hausten.

– Eg har ikkje lyst å starte studia når det er korona. Moglegheita for å bli kjent med nye folk er dårlegare. Eg vil gjerne delta på fadderveke, seier Kjerstad.

Ho drøymer om å bli siviløkonom og dra til Bergen etter friåret.

Færre går rett frå vidaregåande

Ruth-Wenche Hebnes Vinje

Ruth-Wenche Hebnes Vinje er karrierettleiar ved Spjelkavik vidaregåande skole. Ho meiner det er lurt å ta eit friår etter vidaregåande.

Foto: privat

I fjor søkte rekordmange seg rett frå vidaregåande til høgare utdanning. I år er det færre 18- og 19-åringar som har søkt.

– Ein del skal i militæret, nokon skal på folkehøgskule og andre vil jobbe fordi dei er slitne av skule, seier Ruth-Wenche Hebnes Vinje. Ho er karrierettleiar ved Spjelkavik vidaregåande skole og opplever også at ein del fryktar digital undervisning på grunn av korona.

– Eg trur kanskje nokon er litt redd for heimeskule. Det gjer at nokon vel å jobbe eit år og håpe at korona går over, seier Vinje.

– Lurt å ta friår

Ho meiner det er lurt å ta eit friår etter vidaregåande. Mange er usikre på kva utdanning dei skal ta. Ho oppmodar elevane om å skaffe seg erfaring frå yrke dei kan tenke seg, for å sjå om valet er rett. Dersom det er vanskeleg å få jobb kan ein forhøyre seg om det går an å følge arbeidsdagen til ein i bransjen eit par dagar.

Karoline Prytz Berset

Karoline Prytz Berset har søkt på Handelshøgskolen i Bergen til hausten.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Den einaste i bussen med studieplan

Karoline Prytz Berset er den einaste av gjengen som er samla i russebussen som skal starte rett på studiar.

– Det er overraskande, seier Berset, som skal gå handelshøgskulen i Bergen.

Ho satsar på at vaksineringa har kome så langt i sommar at ho slepp digital undervisning på ein hybel.

– Eg tenker at moglegheitene for fadderveke og ein normal skulekvardag blir større og større, seier Berset.

For gjengen som har bestemt seg for friår står det ei dør på gløtt til universitet og høgskular. Dei aller fleste har sendt inn søknad, og kan dermed ombestemme seg.

Russejenter i Ålesund på bussen Stole the show

Det er ikkje for seint å ombestemme seg dersom nokon av ungdomane vil studere likevel. Dei fleste har søkt på høgare utdanning, sjølv om planen er eit friår.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK