Russefeiring utan valdteksmeldingar

Det nyttar å førebygge valdtekt under russefeiringa, er konklusjonen etter årets russemarkeringar i Møre og Romsdal. Ingen er meldt for slike ungjerningar i år.

Russ mot voldtekt

Meir enn 2500 russ i Møre og Romsdal fekk informajon om kampanjen mot valdtekter under årets russefeiring. Ulike slagord og logoar blei tekne i bruk.

Foto: Bård Holmen Solvik

– Ut frå det vi veit til no, har russen oppført seg veldig bra slik at vi har unngått valdtekter under årets russefeiring i Møre og Romsdal, seier fylkesleiar Elinor Bolme, i Norske Kvinners Sanitetsforening (NKS) i Møre og Romsdal.

Elinor Bolme

Elinor Bolme er fylkesleiar i Norske Kvinners Sanitetsforening, og vil gjerne vere med på fleire aksjonar mot valdtekter under russefeiringa.

Foto: Priavt

Storaksjon mot valdtekt

Sist vår slutta NKS seg til den førebyggande aksjonen mot valdtekt som Senter mot incest og seksuelle overgrep for Møre og Romsdal (SMISO), brukar å gjennomføre i vårt fylke.

Årets aksjon var den største i sitt slag her i fylket, og omfatta alle dei 25 vidaregåande skulane i fylket.

Russeshorts mot valdtekt

Boxershortsar med ulike logoar mot valdtekt appellerte til årets russ.

Foto: Elinor Bolme

– Vi bad om å få bli med på dette tiltaket, fordi vi ønskte at alle vidaregåande skular i fylket skulle setje valdtekt på dagsordenen. Saman med politi, helsesøstrer, pedagogisk personale og lokallaga til NKS, møtte vi nesten alle dei 2500 avgangselevane i fylket i løpet av våren, seier Bolme.

Medan det ikkje blei meldt om valdtekter blant russ her i fylket i år, har poltieit teke hand om fleire valdtektssaker andre stader i landet.

Boxershort til alle

Fokuset i møte med russen gjekk mellom anna ut på å snakke om kva valdtekt er for noko, at sex utan samtykke er valdtekt og sexvettreglar.

– Som ein lekk i kampanjen fekk alle delt ut kvar sin boxershorts. Shortsane hadde ulike logoar og målet var å gjere russen meir ansvarleg i måten dei feira russetida på, seier Bome.

Vil gjenta aksjonen

Senter mot incest og seksuelle overgrep i Møre og Romsdal er strålande nøgde med at all russ i fylket blei ein del av denne kampanjen.

Svanhild Lillebostad

Svanhild Marie Lillebostad er strålande nøgd med det førebyggande arbeidet som i år blei lagt ned blant russ i fylket.

Foto: Privat

– Vi kan sjølvsagt ikkje vere heilt sikre på at ingenting har skjedd under årets russefeiring, men det vi kan slå fast er at inga valdtekt er meldt inn til politiet, seier Svanhild Marie Lillebostad, dagleg leiar i SMISO til NRK.

Lillebostad seier årets aksjon var eit stort økonomisk og ressursmessig løft.

– Men erfaringane ved å møte så mange unge og få gi informasjon om valdtekt, var så positive, at både NKS og vi vil satse vidare på liknande førebyggande aksjonar kvart år framover, seier Lillebostad.