Hopp til innhold

Russ påkøyrt i Molde

  • Eitt år og seks månadar for bildrap

    Ein 19 år gamal mann er i Romsdal tingrett dømt til fengsel i eitt år og seks månader for bildrap. Han er dømt for å ha køyrt på ein medruss under eit arrangement på Retiro i Molde i mai i fjor. I tillegg må han betale ersatatning til foreldra til guten som omkom. Han er også dømt for å ha køyrt med promille.

  • Politiet ber om tips

    Skadene er fremdeles kritiske og svært alvorlige for 18-åringen som ble påkjørt av en medruss i Molde i natt. En 18 år gammel mann er mistenkt for promillekjøring og sitter i varetekt. Politiet gjør tekniske undersøkelser på ulykkesstedet og etterlyser bilder og øvrige tips om hendelsen. De ber også vitner om å melde seg.

  • Russ alvorleg skadd

    Ein 18 år gamal russ er alvorleg skadd og er send til St. Olavs Hospital i Trondheim etter å ha blitt påkøyrt i Molde i natt. Ein annan russ blei også påkøyrd, men skal ha fått lettare skadar og blir behandla ved Molde sjukehus. Sjåføren som køyrde på dei to mennene er også russ, og han er mistenkt for promillekøyring.

  • Promillepåkøysel i Molde

    To personar blei påkøyrd av ein bil ved Retiro i Molde ved 0145-tida natt til onsdag. Begge blei send til sjukehus, men skadeomfanget er ikkje kjend. Sjåføren blei pågripen av politiet, og det er mistanke om promillekøyring.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL