Russ i Ålesund fekk flytta feiringa – det førte til russefestar i to månader

Høgt smittetrykk gjorde at russefeiringa i Ålesund blei utsett, men mange vedgår at dei tjuvstarta. Det førte til rekordlang russefest.

Russefest i Ålesund

Russen i Ålesund har fått ei uvanleg lang russefeiring. Dei første starta 1. mai. Nesten to månader seinare skal festen vere over.

Foto: Synnøve Hole / NRK

Denne artikkelen er over en måned gammel, og kan inneholde utdaterte råd fra myndighetene angående koronasmitten.

Hold deg oppdatert i NRKs oversikt, eller gjennom FHIs nettsider.

Ein russebuss pumpar ut røyk og øyredøyvande musikk på grusbana i Ålesund. Under den lyse sommarhimmelen dansar hordar av raude- og blåkledde tenåringar og feirar at 13 års skulegang er slutt.

Denne veka starta russefeiringa offisielt i Ålesund. Men mange vedgår at dei starta allereie natt til 1. mai.

– Det er veldig stas, ein får på ein måte dobbelt så lang russetid, ropar ein raudkledd russ medan ho prøvar å overdøyve musikken.

Ho ønskjer ikkje å seie kva ho heiter.

Russar på feiring i Ålesund. F.v. Andrea Flem Henriksen, Eli Ruset Lager og Lea Snekvik Wilhelhelsen.

Russar på fest i Ålesund markerer starten på den offisielle russefeiringa 8. juni. Frå venstre: Andrea Flem Henriksen, Eli Ruset Lager og Lea Snekvik Wilhelhelsen.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Rekordlang russetid

Kommunen ville avgrense smitterisikoen etter eit omfattande smitteutbrot i utelivet i Ålesund og flytta russefeiringa. Det har ført til tidenes lengste russefest i byen. Sidan mai har folk i Ålesund sett og høyrt russebilane rulle på vegane, og for enkelte er grensa for lengst nådd.

– Det er heilt på trynet, seier Wenche Seth Gjøsund.

Wenche Seth Gjøsund

Wenche Seth Gjørsund har ingenting til overs for at kommunen tillet russefeiring i juni. Ho meiner kommunen burde sagt nei fordi det inneber ein smitterisiko.

Foto: Remi Sagen / NRK

Ho meiner kommunen bomma fullstendig når dei tillèt russefeiring i tre veker i juni, i tillegg til den uoffisielle feiringa i mai.

– Det er å ha null respekt for oss andre. Kommunen kan ikkje seie som orsaking at ungdommane har hatt det så tøft så lenge. Det har faktisk vi andre også, seier ho. Gjøsund var tidlegare i vår med i debattprogrammet Debatten på NRK1. Der fortalde ho kor leitt det var å ikkje kunne besøke barn og barnebarn i Oslo.

Gjøsund meiner det er eit paradoks at russen i Ålesund får feire i vekevis. Dette skjer samtidig som russefeiringa blei stoppa mellom anna i Oslo etter smitteutbrot. Fleire stader i Rogaland er det innført rulleforbod.

Russar på fest i Ålesund. Oliver Helgesen og Mads Helland.

Oliver Helgesen og Mads Helland på fest på Flatholmen i Ålesund den natta russefeiringa starta offisielt denne veka.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Russebråk fleire stader

Tidlegare i mai gjekk ordføraren i Ålesund ut og bad fint russen om å flytte russefeiringa i juni, og slik blei det. Men politiet har meldt om russefestar også i mai. Kommuneoverlegen avviser at russen har festa for lenge.

Laster Twitter-innhold

– Både dette russekullet og det forrige har hatt betydeleg avgrensingar i sosial omgang og høve til å ha fest, så eg kan ikkje sjå at dei har hatt meir festing enn andre russekull. Tvert om, seier kommuneoverlege Olav Mestad.

Kommuneoverlege i Ålesund Olav Mestad

Kommuneoverlege Olav Mestad i Ålesund avviser at russen i Ålesund har festa for lenge. Han meiner dei har rett til å markere avslutninga av grunnskulen.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Han avviser kritikken frå Gjøsund, men seier både kommunen, politiet og Røde Kors følgjer nøye med. Kommunen har sett i verk fleire tiltak og har hatt fleire møte med russen for å unngå smitte.

Laster Twitter-innhold

– Desperate etter sosialt samvær

Fleire kveldar denne veka har russen festa på ei industritomt i utkanten av sentrum i Ålesund. Med kommunen si velsigning er det bussa inn last etter last med ungdommar med russedressar, øyreproppar og drikkevarer.

Eli Ruset Lager frå Fagerlia videregående skole er litt bekymra for smitta.

– Det er veldig koseleg, men koronavenleg vil eg ikkje seie at det er, seier ho.

Det er veldig mange som er desperate på sosialt samvær, vi har ikkje fått det på eitt år, og då eksploderer det under russetida, seier ho.

Også medruss Oliver Helgesen frå Borgund videregående skole seier dei har festa sidan mai, men i små kohortar. Han meiner dei har vore flinke til å halde smittevernreglane, og no er han spenna klar for den store avslutningsfeiringa.

– Er du sliten?

– Jau, men det er gøy, ler han.

Russefeiring i Ålesund

Ålesundsrussen har denne veka festa på ei industritomt like ved sentrum. Det går ikkje lydlaust for seg.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Mer om koronaviruset

Status Norge

Sist oppdatert: 18.06.2021
1 126
Smittede siste 7 dager
39
Innlagte
790
Døde
2 122 782
Vaksinerte