NRK Meny

Russ alvorleg skadd

Ein 18 år gamal russ er alvorleg skadd og er send til St. Olavs Hospital i Trondheim etter å ha blitt påkøyrt i Molde i natt. Ein annan russ blei også påkøyrd, men skal ha fått lettare skadar og blir behandla ved Molde sjukehus. Sjåføren som køyrde på dei to mennene er også russ, og han er mistenkt for promillekøyring.