Hopp til innhold

Her har nesten ingen rusmisbrukarar jobb

Nesten 80 prosent av rusmisbrukarane i Volda har ikkje arbeid å gå til. Dette er nesten dobbelt så mange som elles i landet.

Volda

I Volda er nesten 80 prosent av rusmisbrukarane utan jobb eller aktivitet.

Foto: Terje Reite / NRK

Sverre Nesvåg

Sverre Nesvåg meiner at jobb og aktivitet er avgjerande for å kome seg ut av rusmisbruket.

Foto: Synnøve Hole / NRK

I snitt er 40 prosent av rusmisbrukarar i norske kommunar utan arbeid. I Volda er talet dobbelt så høgt. Rusekspert Sverre Nesvåg i Helse Vest meiner at arbeid eller ein annan meiningsfull aktivitet er avgjerande for at folk skal kunne leve med mindre rusbruk eller slutte med rus.

– Å vere utan jobb er veldig dramatisk for rusmisbrukarane og deira høve til å gjere noko med rusproblemet sitt, seier Nesvåg.

Inn i løna arbeid

150 av kommunane i landet er kartlagt. Også Averøy og Sande kjem dårleg ut på statistikken.

Ruseksperten seier at kommunen sitt arbeid for å hjelpe rusmisbrukarane vert vanskelegare når dei ikkje har tilbod om jobb eller aktivitetar. Han meiner kommunane må bli flinkare til å samarbeide med næringslivet og NAV for å få fleire inn i løna arbeid eller inn i aktivitetar.

Er for sjuke

Elin Høydal Vatne

Elin Høydal Vatne i Volda kommune seier at mange av rusmisbrukarane er for sjuke til å vere i jobb.

Foto: Synnøve Hole / NRK

Elin Høydal Vatne er leiar for psykisk helsetenester i Volda. Ho meiner at nokre av årsakene til at så mange av rusmisbrukarane i hennar kommune ikkje har jobb, er at dei både manglar bustad og at dei rusar seg kraftig. Ho opplever at dei får lite hjelp frå spesialisthelsetenesta.

– Mange av brukarane våre har så dårleg psykisk helse og rusar seg så mykje at dei ikkje vil klare å vere i vanleg arbeid eller andre aktivitetar, seier Høydal Vatne.