Hopp til innhold

Ruskøyring frå Odda til Nordmøre

Ein 29 år gamal nordmøring er fråteken førarkortet i to år for å ha køyrt langtransportbil frå Odda til Nordmøre i rusa tilstand.

Norges lover

Nordmøringen la bak seg ei svært lang strekning med langtransportbilen før han blei teken i ein rutinekontroll av politiet.

Foto: Wenche Lamo Hadland / NRK

Mannen må også sone 24 dagar i fengsel og betale ei bot til statskassa på 42.000 kroner, heiter det i dommen frå Romsdal tingrett.

I dommen er det lagt til grunn at analysar viste at sjåføren hadde ein alkoholkonsentrasjon i blodet på 0,17 promille. Han hadde også så mykje virkestoff i blodet etter hasjrøykinga, at det samla svarte til ein alkoholkonsentrasjon i blodet på 1,2 promille eller høgare.

Køyring over lang strekning

Det var for tre månader sidan at mannen var på arbeidsoppdrag til Odda. Han lossa og lasta varene han skulle transportere frå industristaden i Hordaland til Nordmøre.

Av saksdokumenta til tingretten går det fram at han same kveld røykte ein sigarett med hasj, som han hadde fått av ein kollega.

Romsdal tingrett

Saka mot langtransportsjåføren var oppe i Romsdal tingrett i går.

Foto: Øyvind Johan Heggstad

Neste føremiddag starta han køyringa til Nordmøre. Like etter midnatt blei han stansa av politiet i ein rutinekontroll på E-39 like utanfor Molde.

Fordi politiet mistenkte han for rusa køyring, blei det teke blodprøve av han.

Skjerpa straffeutmåling

Til straffeutmålinga har retten i skjerpa retning merka at køyringa skjedde over ei svært lang strekning, og at dette potensielt var farefullt.

I formidlande retning legg retten vekt på at sjåføren har erkjent det faktiske forholdet, og at han også har erkjent straffeskuld.

Domfelte tok områdingstid.