Hopp til innhold

Rusa mann køyrde i 103 km/t

Ein mann frå Sunnmøre køyrde med promille i nesten 103 kilometer i timen i ei 80-sone då han blei stoppa av politiet. No er han dømt til fengsel i sju månader, tre av desse på vilkår med ei prøvetid på to år. Retten legg særleg vekt på at mannen allereie hadde blitt fråteke førarkortet på eit tidlegare tidspunkt. Han har også tidlegare blitt dømt åtte gonger for ruspåverka køyring og 20 gonger for køyring utan førarkort. Retten meiner også at mannen er til stor fare for andre, på grunn av manglande barriere får å køyre bil i ruspåverka tilstand. Mannen får sone delar av straffa på vilkår under den føresetnaden at han gjennomfører program mot ruspåverka køyring.