Rusa mann i rundar rundt bustadhus

Rusa personar har også denne natt til laurdag laga uro fleire stader i fylket. I Volda er ein mann i 20-åra meld for urinering på offentleg stad. I Molde løyste politiet opp i knuffing og krangel mellom to menn i 20-åra. På Ellingsøya gjekk ein rusa mann rundar rundt eit bustadhus. Han blei frakta til arresten. Og i Kristiansund hamna to menn i slåstkamp.