Hopp til innhold

Rusa køyrde 350 kilometer i stolen bil

Då moldemannen tilfeldigvis fann eit sett bilnøklar blei freistinga for stor. Like etter var han på tur nordover til Trondheim – rusa, utan førarkort og i stolen bil.

Norges Lover

Ein moldemann må i fengsel i fem månader etter å ha køyrt i rus til Steinkjer.

Foto: Roald, Berit / SCANPIX

Den 28 år gamle mannen blei nyleg dømd til fengsel i fem månader etter at han i februar kom over eit sett bilnøklar på ei postkasse ei natt. Like ved nøklane fann han den tilhøyrande bilen, og tok denne.

Køyrde med over 1,2 i promille

I retten har han forklart at han visste at ei venninne skulle til Trondheim, og tilbaud seg å køyre henne. Deretter gjekk ferda endå lenger, nord til Steinkjer. Etter å ha vore der nokre dagar, blei han stoppa av politiet på E6.

Ifølgje dommen hadde ikkje mannen førarkort, og han var også påverka av amfetamin og narkotiske tablettar, og hadde ein promille tilsvarande over 1,2.

Domfelt ei rekkje gongar

Mannen er også dømd for fleire tjuveri og narkotikalovbrot, mellom anna for oppbevaring av 73 tablettar Ritalin.

Og det er ikkje første gongen moldemannen har møtt i retten.

Han er dømd for innbrot, tjuveri, narkotika og brot på vegtrafikklova til saman åtte gongar i perioden 2002–2014. Han er også dømd mange gongar for å ha køyrt bil utan førarkort.

Retten meiner det er ekstra alvorleg at tjuveri og innbrot fører til økonomisk tap og ubehag for ofra.

Får aldri meir køyre bil

Moldemannen må i fengsel i fem månader, og får ei bot på 10 000 kroner. Samstundes taper han også retten til å køyre bil for alltid. Ifølgje dommen har han blitt dømd for køyring utan førarkort sju gongar før. Men den åttande dommen blir han også frådømt retten til å køyre bil nokon gong meir.

.