NRK Meny
Normal

Rusa innbrotstjuv vekte fleire familiar i Kristiansund

Ein rusa mann i slutten av 20-åra braut seg inn i minst to bustadhus natt til søndag og vekte fleire familiar. Ein sporhund sikra arrestasjon av mannen, men éin person kan vere på frifot, fortel politiet.

Laster kart, vennligst vent...

Om lag i dette området, i Brunsvika i Kristiansund, braut ein rusa mann seg inn i minst to bustadhus natt til søndag.

– Det er meldt om to personar, men førebels har vi berre arrestert ein mann. Hunden prøvde å spore ned den andre personen, men lukkast ikkje, fortel operasjonsleiar Rolf Anders Korstad i Møre og Romsdal politidistrikt til NRK.

Mannen som er i arresten i Kristiansund er ein kjenning av politiet i slutten av 20-åra. Han starta eit innbrotsraid i tretida natt til søndag.

Den første meldinga om innbrot kom 03.04 og gjekk på at ein mann hadde tatt seg inn i eit bustadhus i Brunsvika i Kristiansund. 03.26 kom det melding om eit nytt innbrot i same område.

– Politiet fekk melding frå personar som var heime då nokon braut seg inn i husa deira. Politiet rykker ut, men vi er litt i hælane på det som er sagt å vere to personar.

Spor av tjuvegods

Klokka 03.47 får politiet inn nok ei melding frå Brunsvika i Kristiansund.

– Det går ei lita stund og vi har framleis ikkje funne nokon, før ei melding om nokon som snik i ein hage kjem inn. Vi kallar ut hund, går spor og hunden snusar seg fram til ein person som blir arrestert, fortel Korstad i politiet.

Mannen var tydeleg rusa, utan at politiet kan seie eksakt kva han var rusa av. Han er dømt for innbrot tidlegare og det blir gjort funn av tjuvegods som stammar frå husa han har «besøkt».

– Det er også gjort funn av diverse tjuvegods på fluktruta til denne mannen. Vi har funne lommebøker, bankkort og liknande der han skal ha gått, seier Korstad.

– Svært ubehageleg

For dei uheldige som har fått minst éin mann inn i husa sine har opplevinga vore kjip. Dei to familiane som blei vekt venta med å ringe politiet til mannen hadde forlate bustaden deira.

– Dei synest det er svært ubehageleg, noko vi synest òg. Det at folk går inn i heimane til andre er skikkeleg ille, seier operasjonsleiaren.

Sidan det er påskeferie er politiet opne for at fleire hus i same område i Kristiansund han ha opplevd innbrot. Korstad oppmodar folk om å sjekke husa sine når dei vaknar eller kjem heim frå ferie.

Den arresterte mannen i 20-åra sit i arresten i Kristiansund og vil bli avhøyrt i formiddag. Saka blir etterforska og politiet håper å finne den andre personen som skal ha delteke i innbrota.