Hopp til innhold

Rusa femtenåring med sju passasjerar i bilen

– Tankelaust og farleg, seier politiet.

Innsatsleder politi

Ein rusa femtenåring vart stoppa av politiet etter å ha ført ein liten varebil med sju passasjerar. (Illustrasjonsbilde).

Foto: Ina-Kristin Lindin / NRK

Ein rusa bilførar er sikta for promillekøyring i Kristiansund sentrum. Han førte ein liten varebil med sju passasjerar.

Åtte i liten varebil

Bilføraren var berre femten år. Han vart stoppa på Kongens plass i Kristiansund klokka 07.15. Då var den vesle varebilen full av folk.

– Bilen er registrert for to personar, seier operasjonsleiar Jan Helge Kjøl i politiet til NRK Møre og Romsdal. Han karakteriserer det heile som tankelaust og farleg.

Barnevernet blir med

Det er tatt blodprøve av guten.

– Vi prøver no å varsle foreldra. Barnevernet blir til stades under avhøyret som tar til snart, seier Jan Helge Kjøl i politiet til NRK.

Den 15 år gamle bilføraren kjem frå ein nabokommune til Kristiansund, opplyser politiet.