Hopp til innhold

Rusa båtførar køyrde på grunn

Ein båt på om lag 20 fot gjekk på grunn ved Julneset i Molde like etter klokka sju i dag. Ingen personar var i båten, men politiet trefte tre menn i 20-åra til fots i nærleiken av båten. Etter at båtføraren blåste i promillemålaren viste det seg at han var rusa. Ingen vart skadde i grunnstøytinga, men saka vil bli etterforska, melder politiet.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL