Tidlegare i haust blei det gjennomført ei omfattande brannøving i tunnelen, og resultata frå øvinga har vekt oppsikt.
Meir kunnskap
Øvinga viste at tunnelbrannar er farlegare enn det ein tidlegare har meint. Varmeutviklinga frå eit vogntog som byrjar å brenne, er langt større enn det forskarane har trudd.
Senioringeniør Harald Buvik seier Vegdirektoratet ønskjer å bidra til auka kunnskap om korleis tryggleiken i tunnelane kan betrast. I tillegg vil forsking på dette føre til auka fokus på tryggleik i tunnelar.
Godt eigna til øvingar
Noreg er eit av landa i verda med flest tunnelar, og har sjølv stor interesse i at det blir forska på korleis ein kan betre tryggleiken. Runehamar-tunnelen mellom Innfjorden og Veblungsnes er ikkje lenger i bruk, men tunnelen er godt eigna til ulike øvingar, seier Buvik.
Tunnelen er 1,6 kilometer lang, og den har ein profil som svært lik den profilen ein finn i dagens tunnelar. I tillegg er det viktig at tunnelen ligg i nærleiken av offentelege sentra og infrastruktur, meiner Buvik
Avhengig av pengar
Det er interesse for ein slik tunnel. Kristen Opstad i SINTEF seier til Aftenposten at han ser fram til å få eit slikt senter dersom det skulle skje. No er det pengane det står på, og det blir en jobb internt å skaffe pengane, seier Buvik.