Hopp til innhold

Her må Tyra ake seg opp trappene

I eitt år har Tyra Ravn leita etter ei leilegheit som er eigna for rullestol. – Eg føler meg uvelkomen i samfunnet, seier Ravn. No lovar Arbeiderpartiet betring.

Video av rullestolbrukar Tyra Ravn som må ake seg på rumpa opp trappa fordi leiligheita ho bur i ikkje er tilrettelagt for handikappa.

Rullestolbrukar Tyra Ravn må ake på rumpa opp trappa fordi leilegheita ho bur i ikkje er tilrettelagt for rullestol.

Med ein innøvd teknikk akar 21-åringen seg opp betongtrappa, med rullestolen framfor seg. Kvar gong Tyra Ravn skal ut av kjellerleilegheita i Ålesund må ho først gjennom denne ufrivillige treningsøkta.

– Det er slitsamt og kjennest nedverdigande, seier Ravn.

Akinga gjer ofte vondt i hofter og andre ledd. Ho må også passe på at ho ikkje sett seg på fuglebæsj og sniglar.

Sjølv om Ravn og sambuar Henning Ulla Myren har god plass i leilegheita er den slett ikkje tilrettelagt for rullestol. Dørstokkar og smale dører er ei anna hindring, og gjer ein tur på toalett og bad slitsamt.

Tyra Ravn

Det er ikkje plass til rullestol på toalettet, så Tyra har ein stol ståande framfor vasken. Ho klarer å gå på krykker nokre meter frå rullestolen og inn.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Jakta i eitt år

Det unge paret har leita etter ei eigna leilegheit i eitt år. Dei har snakka med 60 huseigarar, vore på 19 visningar, sendt fleire søknader til kommunen og stilt opp i lokalavisa for å få hjelp. Ingen av leilegheitene dei har råd til har vore godt nok tilrettelagt for rullestolbrukaren.

– Eg føler meg uvelkomen i samfunnet. Det har vore veldig fortvilande og eg har vore deprimert og langt nede, seier 21-åringen. Det var Sunnmørsposten som først skreiv om historia til Ravn.

– Dobbel utfordring

Tove Linnea Brandvik

Tove Linnea Brandvik, leiar i Noregs handikapforbund, meiner det bør bli bygd fleire bustader som alle kan bruke.

Foto: Ivar Kvistum / Handikapnytt

Tove Linnea Brandvik, leiar i Noregs handikapforbund seier mangel på bustader som er tilgjengelege for personar med funksjonshemming er ei kjend problemstilling. Berre om lag 1 av 9 bustader i landet er tilrettelagt for rullestolbrukarar. Dei fleste bustadane som er tilrettelagde er nye.

– Tyra får ei dobbel utfordring sidan det er så lite å velje i og dei nye gjerne er dyrare, seier Brandvik.

Handikapforbundet har spelt inn ei rekkje krav til regjeringa.

– Vi må slutte å bygge bustader i Noreg som stenger ute deler av befolkninga, seier Brandvik.

Vil skjerpe krava

Lise Christoffersen

stortingsrepresentant Lise Christoffersen frå Arbeidarpartiet meiner fleire bustadar må vere tilrettelagt for rullestolbrukarar.

Foto: Anne Mone Nordahl

– Dagens krav til nybygg må bli skjerpa, seier stortingsrepresentant Lise Christoffersen frå Arbeidarpartiet. Partiet har eit mål om at Noreg skal vere universelt forma ut innan 2035.

Det har Tyra Ravn lita tru på vil skje.

– Uavhengig av kven som sit i regjering har funksjonshemma erfart at løfter om rettar blir brotne. Kanskje fordi vi blir sett på som sjuke og pleietrengande, i staden for individuelle borgarar, hevdar Ravn.

Får flytte

For 21-åringen og sambuaren Henning ordna bustadjakta seg til slutt. Dei var innstilte på å flytte frå Ålesund til ein større by med fleire alternativ, men fekk plutseleg napp på ei leilegheit med heis.

No er paret i gang med å pakke sakene sine i pappesker.

Henning og Tyra Ravn

Henning Ulla Myren og Tyra Ravn er glade for at dei snart skal flytte i leilegheit med heis.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

– Eg har framleis ikkje tatt det heilt innover meg at vi har funne ei leilegheit. Eg slit med å begynne å feire. Eg må sikkert bu der ei veke eller to før det går opp for meg, smiler Ravn. Ho gler seg aller mest til å sleppe trappeakinga.

LES OGSÅ: