Røysta for å bli i Møre og Romsdal

Samtlege i formannskapet i Aure kommune røysta for å bli i same fylke som i dag, og har sendt saka vidare til kommunestyret. Det skriv Tidens Krav. I kommunedirektøren si innstilling har det blitt lagt vekt på folkerøystinga, der dei fleste stemte nei til å gå til Trøndelag. – For oss var det viktig å få gjennomført ei folkerøysting. No har folket talt, det er noko vi respekterer, sier Elisabeth Jørgenvåg i Nordmørslista, ifølgje avisa.

Telling, folkeasvtemning om regiontilhørighet i Aure. Folkerøysting.
Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK