Hopp til innhold

No er det tryggare å køyre Stranda – Hellesylt

Tysdag opna røyrtunnelen på Røyr mellom Stranda og Hellesylt. Dermed har rassikringsarbeidet kome eit langt steg vidare.

Tysdag 15. desember 2015 åpna rassikringstunnelen på Røyr mellom Stranda og Hellesylt.

Tunnelen ligg på nærast flat mark i dalbotnen på Røyr. Men rundt tunnelen reiser det seg høge fjell. Og stort sett kvar einaste vinter har snøen rasa ned fjellsidene, og ofte har vegen blitt stengd.

Tunnelen skal verje vegfarande mot skred som går i to fonner. Dette er Vassfonna og Røyrafonna.

Røyratunnelen

Tunnelen på Røyr er, ja nettopp, eit røyr, som ligg på flat mark i botnen av dalen.

Foto: Linn Silseth / Statens vegvesen

Dette er altså ikkje ein tunnel slik vi kjenner dei til vanleg, der dei oftast er sprengde som hol gjennom fjellet. Her er det snakk om ein røyrtunnel i betong, eller eit halvrøyr i betong som bilane kan køyre gjennom.

Tunnelen er på 440 meter og er ein del av rassikringsarbeidet mellom Stranda og Hellesylt.

Røyratunnelen

Strekninga mellom Stranda og Hellesylt er blitt betrakteleg tryggare som følgje av den nye tunnelen forbi fonnene.

Foto: Linn Silseth / Statens vegvesen

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL