Hopp til innhold

Røykutvikling var bål

Alle naudetatar rykka ut Hakallestranda etter melding om røykutvikling måndag kveld. Det viste seg å vere røyk frå eit bål.

Røykutvikling

Klokka 19.20 måndag kveld fekk Sogn og Fjordane politi distrikt inn ei melding om ein mogleg brann på Hakallestranda i Vanylven.

– Ein person ringde inn og fortalde at han hadde observert røyk ved Hakallestranda, men vi veit så langt ikkje kor eller om det brenn, seier Trond Hatlenes, operasjonsleiar til NRK.no.

– Vi valde difor å rykke ut med alle naudetatar, held han fram.

Då brannvesenet kom fram til staden viste det seg å vere røyk frå eit bål.

– Båleigaren var på staden og hadde kontroll på brannen, seier Hatlenes.

Politiet set likevel pris på at folk ringer inn og tipsar om slike hendingar.

– Sjølv om det ikkje var alvorleg denne gongen er det bra at folk ringer inn og melder frå, seier han.