Hopp til innhold

Røykutvikling på Ormen Lange

Varmearbeid på rør var årsaka til røykutvikling på Ormen Lange i dag. Bedrifta sitt industrivern fekk raskt kontroll på situasjonen.

Nyhamna bygges ut

Varmebehandling av rør skal ha vore årsaka til røykutviklinga på Ormen Lange.

Foto: Gunnar Sandvik/NRK

Naudetatane fekk melding om røykutvikling på gassanlegget Ormen Lange på Nyhamna i Aukra klokka 08.54. Ormen Lange har eige brannvern som var kjapt på plass. Ambulanse, brannvesen og politi rykte også ut.

– Det var ikkje dramatisk, men det er klart at skadepotensiale er stort på eit gassanlegg, seier operasjonsleiar Rolf Anders Korstad ved Nordmøre og Romsdal politidistrikt.

Anlegget er for tida tomt for gass fordi det er under utbygging. 2. juni gjekk også brannalarmen ved anlegget. Då var det sveising på rør som mest truleg var årsaka til brannen.

I dag var det varmebehandling av rør som skapte røykutvikling. Det var 360 personar på arbeid då alarmen gjekk. Dei som arbeidde i nærleiken vart evakuerte. Fire personar som oppheldt seg i nærleiken av røykutviklinga vart sjekka av helsepersonell med tanke på røykskader. Politiet melder at ingen er skadd.