Røykutvikling i ei leilegheit

Brannvesenet rykte ut på melding om røykutvikling i ei leilegheit i Ålesund. – Bebuarane skal ha kome seg ut, og røykdykkarar har gått inn i leilegheita, seier Ryan Morrison på 110-sentralen. Brannvesenet opplyser om at dei har kontroll på situasjonen. Politiet opplyser om at fire personar skal ha blitt utsett for røyk, og blir teken hand om av helsepersonell.