Hopp til innhold

Røykskadar etter brannen i Elnesvågen

Ein eldre mann er sendt til sjukehus for sjekk etter brannen i eit hus i Elnesvågen tidlegare i kveld. Brannvesenet arbeider framleis på staden.

Brann i hus i Elnesvågen

Brannvesenet i Fræna arbeider framleis ved huset som fekk røykskadar i Elnesvågen tidlegare i kveld.

Foto: Marit Dale

Det var like før klokka 19 i kveld at brannvesenet fekk melding om sterk røykutvikling frå eit bustadhus i Elnesvågen i Fræna.

Ein eldre mann som budde åleine i huset, blei teken hand om av ambulansepersonell, og sendt til sjukehus med det som truleg er røykskadar.

– Det var svært kraftig røykutvikling på staden, men brannvesenet fekk raskt kontroll, seier operasjonsleiar hos politiet, Kjell Biesmas I Kristiansund.

Det er ikkje kjent om mannen har fått alvorlege røykskadar.

Fyr bak pipa

Det var først mistanke om at det kunne vere ein pipebrann i huset.

– Men det viste seg at det hadde tatt fyr i treverket bak pipa, seier Biesmas.

Det er omfattande røykskadar i ulike rom i huset. Men til alt hell fekk ikkje elden spreie seg: Dermed ser det ut til at ein har unngått alvorlege brannskadar på bygningen.

Brannvesenet er framleis på staden og driv etterarbeid.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL