Dei to Oslo-laga får ikkje bruke Ullevål stadion, fordi bana er for dårleg.
Dagleg leiar Morgan Andersen i Lyn har foreslått Color Line som eit alternativ, og arrangementsansvarleg Øyvind Vebenstad seier AaFK kan ta på seg oppdraget.
Aalesund må ta den tunge turen ned i første divisjon neste sesong, men no kan det altså likevel verte spelt topp-fotball på Color Line Stadion i tida framover. Årsaka er at Ullevål er så dårleg at verken Lyn eller Vålerenga får spele Royal league-kampane sine der, og då er Ålesund nemnd som alternativ.
Arrangementsansvarleg, Øyvind Vebenstad, meiner det ikkje vil vere noko problem å arrangere slike kampar i Ålesund.

Publikum på Color Line får kanskje oppleve Royal League denne sesongen. (Foto:Øyvind Johan Heggstad, NRK)