Hopp til innhold

Rovdefjordbrua som pilot

Forkjemparane for Rovdefjordbrua trur grønt lys frå Regjeringa som pilotprosjekt kan vere det som får prosjektet realisert.

Rovdefjordbru med ny løysing

Rovdefjordbrua kan byggast med ny løysing, ved bruk av ein neddykka røyrtunnel, og dermed erstatte ferja i framtida. Foto/redigering: ARNE FLATIN.

Vanylven utvikling lanserer no eit konsept med neddykka røyrtunnel kombinert med flytebru. Saudeholmen i Rovdefjorden vert samanbindingspunktet. Aldri før er det bygd neddykka røyrtunnel, og dermed håper dei som kjempar for å få realisert prosjektet at dette skal verte ein pilot som opnar for større satsingar.

Morten Bjerkås, Reintertsen AS

Morten Bjerkås, Reinertsen AS.

Foto: Arne Flatin / NRK

Vanylven utvikling AS har inngått avtale med entreprenørselskapet Reinertsen AS i Trondheim, Dr.Techn. Olav Olsen, arkitektselskapet Snøhetta AS og SINTEF om å lage eit forprosjekt på Rovdefjordbrua.

Selskapet trur at Rovdefjordbrua vil kople saman bu- og arbeidsmarknadsregionar og sikre ein god transport både for folk flest og for næringslivet. Vanylven utvikling viser også til at brua vert viktig for å få folk frå Vanylven og ytre Nordfjord raskt til fødestova ved sjukehuset i Volda.

Rovdefjordbrua

Sentrale personar under synfaringa i dag. Frå venstre: Oddbjørn Vatne, Morten Bjerkås, Svein Gjelseth og Magne Løvoll i Rovdefjordbrua AS.

Foto: Arne Flatin / NRK

Ei løysing med neddykka røyrtunnel har vore utgreidd fleire gonger, men har aldri vorte realisert. Det som er spesielt med dette prosjektet er at traseen for røyrbrua er på berre om lag 250 meter, mellom Saudeholmen og Storeneset. Dermed vil dette truleg eigne seg som ein pilot for å hauste erfaringar til langt meir omfattande prosjekt i framtida.

Dette kan dermed verte verdas første vegtunnel med flytande betongrøyr.

Onsdag var representantar for ulike interessegrupper og politikarar på synfaring i Rovdefjorden for å sjå kvar flytebrua og røyrtunnelen eventuelt skal kome og erstatte dagens ferje mellom Årvik og Koparnes.

Styreleiaren for Rovdefjordbrua, Magne Løvoll seier til NRK at han har god tru på prosjektet og at dette er langt betre enn alternativet med ei 70 meter høgbru.

Også leiaren for samferdselsutvalet i fylket, Oddbjørn Vatne (SP), meiner planane er spennande og absolutt kan realiserast.

Svein Gjelseth i Vanylven utvikling

Svein Gjelseth i Vanylven utvikling.

Foto: Arne Flatin / NRK

Tidlegare stortingsmann, no tilsett i selskapet Vanylven utvikling, Svein Gjelseth håper på grønt lys frå Samferdselsdepartementet si politiske leiing til at dette kan verte pilotprosjekt. Dersom dette skjer vil prosjektet truleg verte realisert i løpet av ikkje alt for lang tid.

Lokalpolitikarar både i Sande og Vanylven er også positive til planane. Ordførarane Jan Helgøy, Vanylven og Dag Vaagen, Sande meiner det er viktig å få til dette nye prosjektet med denne teknologien.

Fornøgd arkitekt

Mest fornøgd med synfaringa på fjorden var kanskje arkitekt Julie Aars frå Snøhetta AS som skulle skaffe seg eit inntrykk av området. Ho fotograferte både Saudeholmen og begge sider av fjorden. I følgje Snøhetta skal tunnelen teiknast slik at den vert opplevd som lys og innbydande å køyre inn i.

I ei pressemelding skriv også selskapet at "i et ellers fantastisk naturlandskap påser vi at denne tunnelen også bringer fram positive assosiasjoner og ivertar estetikken i området".

Arkitekt Julie Aars frå Snøhetta AS

Arkitekt Julie Aars frå Snøhetta AS.

Foto: Arne Flatin / NRK