Rotevatn blir omplassert

Dekan Audhild G. Rotevatn blir midlertidig omdisponert, skriv Høgskulen i Volda på nettsidene sine. Ho skal halde fram arbeidet knytt til det nye mediehuset, og Odd Ragnar Hunnes er konstituert som dekan ved medieavdelinga frå måndag. Det har i lang tid vore uro i arbeidsmiljøet på avdelinga.Rektor Johann Roppen seier til NRK at dette er ei vanskeleg sak og at arbeidet for å betre arbeidsmiljøet no held fram. Ifølgje Dagens Næringsliv meiner Rotevatn at det ikkje er rettsleg grunnlag for omplasseringa.

Audhild Gregoriusdotter Rotevatn
Foto: Remi Sagen / NRK