Roseth viser til eit brev Miljøverndepartementet har sendt til Direktoratet for naturforvaltning. Der blir Rauma sett etter dei to vassdraga i Nordland og Nord-Trøndelag når det gjeld å gjere ferdig behandlinga mot lakseparasitten.
Svein Atle Roseth. Foto: Gunnar Sandvik
- Løftebrot
- Dette er eit løftebrot fordi Rauma etter føresetnadene skulle ferdigbehandlast i år, seier Roseth. Dessutan har Rauma tidlegare vore prioritert framom dei to andre vassdraga.
Samarbeid med elveeigarane
- Når fylket satsar så tungt på reiseliv som det gjer, kan vi ikkje ha det slik at vi ikkje kan tilby sportsfiskarane det beste vi har, meiner Roseth.
- Kanskje burde politikarane bråka meir og stilt meir opp i lag med elveeigarane, men no skal vi iallfall samhandle med dei politisk framover, seier fylkesvaraordføraren.